Skip to content

ordbokapi/blog

Folders and files

NameName
Last commit message
Last commit date

Latest commit

 

History

49 Commits
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Repository files navigation

Ordbok API Utviklingsblogg

Dette er bloggen for Ordbok API. Her vil me leggje ut nyhende og oppdateringar om API-et.

Korleis starte

Bloggen er skriven i Markdown og brukar Jekyll som statisk nettstadgenerator. For å starte bloggen lokalt, kan du fylgje desse stega:

git clone https://github.com/ordbokapi/blog.git
cd blog

Viss du brukar VS Code, kan du opne mappa i VS Code med:

code .

Kodelageret har dev-konteinarar konfigurerte. Du skal sjå ei melding om at du kan opne mappa i ein dev-konteinar. Dette vil setja opp eit utviklingsmiljø med alle nødvendige avhengnader installerte.

Viss du ikkje brukar VS Code, kan du installere avhengnadene manuelt. Du treng Ruby og Bundler installert. Etter at du har installert Ruby og Bundler, kan du installere avhengnadene med:

bundle install
rake postinstall

Etter fyrste gong du køyrer bundle install, kan du etterpå, i staden for å køyre både bundle install og rake postinstall, berre køyre:

rake install

Bloggen vil då vera tilgjengeleg på http://localhost:4000.

Rake-kommandoar

Bloggen har fleire nyttige Rake-oppgåver for å forenkle utviklinga. Her er dei viktigaste:

Installasjon og oppsett

  • rake install — Installerer alle avhengnader og køyrer postinstall-oppgåver (kopierer Bootstrap, lastar ned lunr.js).
  • rake postinstall — Køyrer berre postinstall-oppgåver (ikkje naudsynt å køyre manuelt om ein køyrer rake install).

Utvikling og bygging

  • rake serve — Startar Jekyll-sørvaren lokalt med utkast og livereload, tilgjengeleg på http://localhost:4000.
  • rake build — Byggjer nettstaden statisk i _site-mappa.

Arbeid med utkast og innlegg

  • rake draft:new -- -t "Tittel på utkast" — Opprettar eit nytt utkast i _drafts/ med YAML-frontmatter.
  • rake draft:publish -- -t "Tittel på utkast" — Publiserer eit utkast til _posts/ og flyttar eventuelle vedlegg.
  • rake draft:publish -- -a — Publiserer alle utkast.

Varsling om nye innlegg

  • rake notify_new_post — Varslar eksternt API om nytt innlegg (vert bruka under utrulling av nye innlegg i GitHub Actions).

Nyttig verktøy

  • rake timestamp — Skriv ut tidsstempel i rett format for innlegg.

Typisk arbeidsflyt

  1. Installer avhengnader: rake install
  2. Start utviklingssørvar: rake serve
  3. Lag eit nytt utkast: rake draft:new -- -t "Tittel på utkast"
  4. Rediger utkastet i _drafts/-mappa.
  5. Publiser utkastet når det er klart: rake draft:publish -- -t "Tittel på utkast"
  6. Sjekk inn endringar i Git.
  7. Push til GitHub, som vil byggje og publisere bloggen automatisk, og varsle abonnentar om det nye innlegget.

Sjå Rakefile for fleire detaljar om kvar oppgåve.

Lisens

Tekstinnhaldet på bloggen er lisensiert under Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal, medan koden er lisensiert under ISC.

Sjå LICENCE for meir informasjon.

About

Ordbok API utviklingsblogg

Resources

License

Stars

Watchers

Forks

Releases

No releases published

Packages

No packages published

Contributors 2

  •  
  •